Retningslinjer for visuell identitet
Oppdatert september 2020
Profil for næringsliv, lag, organisasjonar og andre
Vi ønskjer å byggje stoltheit og bevisstheit rundt dei verdiane som ein har i bygda. Ny visuell identitet skal synleggjere Skjåk sitt mangfald av tenester og aktivitetar. Det skal vere enkelt å identifisere Skjåk for innbyggjarar, næringsliv, lag og foreininger, besøkande, hyttefolk, folk på gjennomreise og tilflyttarar.
Det er stor forskjell mellom ulike brukarar, aldersgrupper, verksemder og livsfasar, vi ønskjer å nå alle med denne nye profilen.
Heilskap og samanheng er viktig, den visuelle identiteten skal gjere det mogleg å kjenne att Skjåk i alt den gjer og på alle nivå, og bidra til å skape tillit og forståing. Den visuelle identiteten skal signalisere fornying.
Fargepaletten
Fargepaletten er henta frå Skjåk sin natur- og kultur. Blåe og grøne tonar er inspirert av fjellet og skogen. Raudtonane er henta frå tytingskogen, røsslyngen, auren og fjellsmeller.
Dei andre fargane gjev innslag av friskheit og varme, og er henta frå stader og opplevingar i Skjåk – breelva, floraen, kulturminne, industri, landbruk, vilt- og friluftsaktivitetar.
Fontar
Tittelfonten Eksell Display er eit viktig designelement som bidreg til identifisering på alle nivå, og i alle kanalar. Logofonten Hawkes er eit designelement som speglar Skjåk med sine runde men ujevne kantar. Både natur og innbyggjarar vert spegla i fonten. Vi er alle forskjellige - og saman er vi sterke.
Profilbilde
Skjåk sine profilbilde blir brukt til å forsterke bodskap og kommunikasjon. Bildestilen er utvikla for å på ekte og autentisk vis presentere Skjåk som den opne, samansette og inkluderande kommunen den er.
Grunnlag for logosymbol
Eit godt grunnlag for logosymbolet er allereie lagt. Logosymbolet som er i bruk i dag er laga etter inspirasjon av eit funn av det ein trur er ein del av ein vandrestav/spinnepinne. Dette funnet er datert til ca. 800 e.Kr. og er gjort ved Lendbreen i Skjåk. Denne staven er dekorert med fine geometriske ornament og eit flettemønster. Dette flettemønsteret tek vi med oss vidare i utforminga av det nye logosymbolet.
Flettemønsteret symboliserar på ein god måte korleis samhald og samarbeid har prega og forma Skjåk til det det er i dag. Ein kan til dømes sjå på jakt og fangstmetodar, historia bak grunnlegginga av Skjåk Almenning og til sikring av rettar ved kraftutbygging i nyare tid.
Sidan grunnlaget er så godt, ønskjer ein å gå vidare med den runde fletta frå vandrestaven/spinnepinne og lyfte den til symbolet vi brukar i dag, og leggje til enda meir symbolikk som beskriv Skjåk, slik vi ser kommunen i dag.
Logosymbol
Logosymbolet for Skjåk er ei vidareutvikling av fletta som vart utvikla i 2013. Logoen symboliserer samhald og samarbeid. Skjåk er også ei bygd med moglegheiter, ei gründerbygd med godt og variert næringsliv. Det er ei levande bygd med veldrevne gardar gjennom århundar. Skjåk er ei naturkommune med både runde og kvasse fjell, og elva buktar seg som ein blå tråd gjennom heile bygda. Vi ønskjer gjennom logosymbolet å vise at vi er ei levande bygd der det er plass til alle.
Logoen kan brukast i samband med kommunikasjon til innbyggjarane i kommunen, i rekrutteringsamanhang, tilflytting, næringsliv/etablering, kulturaktivitet og arrangement.
Logoen skal kunne brukast av alle som ønskjer å bruke denne som ekstra identitetsskapar for eiga verksemd og for samfunnet vi lever og bur i. Den skal være eit «stoltheits- og kvalitetsstempel» som skal representere oss på ein god måte og skal vise oss frå vår beste side.
Vi håpar at så mange som mogleg tek den i bruk i si marknadsføring!
Logosymbol
Skjåk sin logo er eit symbol og navnetrekk. Symbolet er ein modernistisk og enkel trådstruktur som skal symbolisere samhald og samarbeid.
Ei samanhengande line i loop assosierast til bevegelse, tid, evigheit, fleksibilitet og openheit. Eit sjølvsikkert uttrykk med modernistiske trekk gjev sterk attkjenning og peikar framover.
Skjåk er ei bygd med moglegheiter, ei gründerbygd med godt og variert næringsliv. Det er ei levande bygd med veldrevne gardar gjennom århundrar. Skjåk er ei naturkommune med både runde og kvasse fjell, og elva som buktar seg som ein blå tråd gjennom heile bygda. Vi ønskjer gjennom logosymbolet å vise at vi er ei levande bygd der det er plass til alle.
Base image: Positive version
Hover image: Negative version
Logo
Det finnes to ulike komposisjonar av symbol og navnetrekk; venstrestilt og sentrert. Den venstrestilte er hovudversjonen og er enkel å plassere øvst eller nedst i venstre hjørne. Den sentrerte varianten er smalare og enklare å bruke på smale flater.
Det er viktig at logoen er lesbar i alle størrelsar. Minimum bredde: XX mm for venstrestilt variant, XX mm for midtstilt.
Logoen finst i negativ og positiv – for skjerm og for trykk, og i pakka finn du alle variantar.
Base image: Positive version
Hover image: Negative version
Beskyttelsesområde
Logoen skal alltid ha tilstrekkelig luft rundt seg. Dette beskyttelseområdet definerer minste avstand til øvrige grafiske element som t.d typografi og bilde. Rommet rundt logoen skal minst tilsvare høgda av S i navnetrekket. Beskyttelsesområdet skalerast proposjonalt med logoen.
Det er stor fridom i plassering av logoen, den kan av og til plasserast på bilete. Men for å sikre at logoen er leseleg og skil seg tydelig ut, er ein tommelfingerregel at logoen har ei tydeleg sone rundt seg.
Logo for sosiale media
I sosiale media skal kun logosymbol brukast. Fargane som er brukt speglar elva og fjella.
Last ned logo frå linken under.
– naturlegvis
I spesielle høve kan det være høve å bruke slagordet - naturlegvis, det kan og vere fint å bruke i sosiale media, som #naturlegvis.
Last ned #skjåknaturlegvis frå linken under.
Typografi
Typografi og fontval er eit viktig bidrag til å gje profilmateriell eit særeigent uttrykk. Museo Sans er hovudfonten til Skjåk. Eksell Display Large skal brukast i titlar.
Museo Sans
Brukast hovudsakleg på ingressar, brød- og bildetekster.
Last ned fonten Museo Sans under.
Brødtekstfont
A B C D E F G H I J K L M
N O P Q R S T U V W X Y Z
a b c d e f g h i j k l m n
o p q r s t u v w x y z
0 1 2 3 4 5 6 7 8 9
Museo Sans er basert på den velkjente Museo fonten. Museo Sans er ein moderne sans serfi font med god lesbarhet og åpne, geometriske former. Typesnittet består av fem ulike vekter, som gjer den fleksibel og funksjonell for alle typer bruk – frå trykte brosjyrar til kart og digitale flater.
Eksell Display
Large
Last ned Eksell Display fonten under
Tittelfont
A B C D E F G H I J K L M
N O P Q R S T U V W X Y Z
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z
0 1 2 3 4 5 6 7 8 9
Eksell Display er eit unikt typesnitt fra 1962, designa av den legendariske svenske designeren Olle Eksell (1918–2007).
Hawkes medium regular
Last ned fonten Hawkes under
Logo font
A B C D E F G H I J K L M
N O P Q R S T U V W X Y Z
a b c d e f g h i j k l m
n o p q r s t u v w x y z
0 1 2 3 4 5 6 7 8 9
Fargepalett
Fargane skal vere med på å symbolisere dei ulike verdiane og opplevingane i Skjåk.
Desse kan brukast som «krydder» og blikkfang i forskjellig presentrasjons-materiell.
• HEX farger skal brukes på digitale flater (heimesider osv)
• RGB skal brukes på flater ment for digitale medier
• CMYK skal brukes på trykte flater
• PMS skal brukes til trykk på fysisk markedsmateriell som klær, kopper o.l.
Fjellside
–
Hex: #172F34
RGB: 24, 47, 52
CMYK: 97, 64, 60, 64
Blåbær
–
Hex: #46515a
RGB: 70, 81, 90
CMYK: 22, 10, 0, 65
Myrull
–
Hex: #d5d5cd
RGB: 213, 213, 205
CMYK: 0, 0, 4, 16
Ljos tyting
–
Hex: #e0d7d7
RGB: 224, 215, 215
CMYK: 0, 4, 4, 12
Tyting
–
Hex: #652528
RGB: 101, 37, 40
CMYK: 0, 63, 60, 60
Mørk myrull
–
Hex: #837c60
RGB: 131, 124, 96
CMYK: 0, 5, 27, 49
Mørk Tyting
–
Hex: #241616
RGB: 36, 22, 22
CMYK: 0, 39, 39, 86
Åkle
–
Hex: #d39931
RGB: 211, 153, 49
CMYK: 16, 41, 88, 5
Breelv
–
Hex: #74bab1
RGB: 116, 186, 177
CMYK: 38, 0, 5, 27
Aure
–
Hex: #c8867e
RGB: 200, 134, 127
CMYK: 10, 50, 38, 11
Barnålsti
–
Hex: #78512f
RGB: 120, 81, 47
CMYK: 0, 33, 61, 53
Furu
–
Hex: #5f6f3a
RGB: 95, 111, 58
CMYK: 14, 0, 48, 56
Illustrasjonar
Dei skreddersydde illustrasjonane er organiske, og er ei forlenging av logosymbolet. Ved bruk skal dei ha ei tilknytning til bodskapet.
Alle illustrasjonar kan lastas ned frå linken under.
Språkprofil
(Tone of voice)
Måten vi snakkar på, er korleis
vi blir oppfatta.
Språkprofil eller «Tone of voice» beskriv kommunikasjonen til Skjåk, og beskriv merkevara sine grunnleggjande verdiar.
Ein språkprofil er ikkje kva du seier, men korleis du velgjer å seie det.
Språkprofilen til Skjåk skal være med på å invitere inn i naturen, og leggje til rette for gode opplevingar, auka besøk og invitere til å flytte til Skjåk..
Det skal leggjast vekt på kva lesaren ønskjer av informasjon, meir enn kva avsendaren ønskjer å seie.
Denne kommunikasjonen gjeld for all skreve tekst – og inkluderer nettsider, sosiale media, marknadsmateriell og informasjon. Alt, og alle innbyggjarar eller den besøkande møter på si reise. Denne kommunikasjonen er like gjeldande i fysiske møte.
Tips:
• For at folk verkeleg skal høyre etter, må du ha noko å seie.
• Når vi snakkar, snakkar vi tydeleg.
• Vi skriv i stutte setningar og med eit reint, gjennomtenkt språk.
Foto
Foto er eit av dei viktigaste verkemidla for å kommunisere følelsar og skape ein sterk, attkjennande identitet.
Reglen for bruk av foto deles inn i forskjellige kategoriar: landskap, personleg og utsnitt.
Opphavsrett og kreditering
Når bilde skal nyttast digitalt eller på trykk, held Skjåk seg til gjeldande reglar om opphavsrett og åndsverk. Rettigheitshavar til fotografi er den som har teke fotografiet, eller den som har fått opphavsrettigheitene overdrege til seg. Forespørsel om bruk av fotografi i digital eller trykt form, må rettast til rettigheitshavar. Fotografi Skjåk nyttar seg av, skal alltid være rettigheitsklarert og dei skal krediterast så sant fotografen er kjent.
Landskap
Bilde som viser mangfaldet i naturen, med mennesker som eit viktig element i komposisjonen.
Mennesker i bildane inviterer til aktivitet og bruk, og inviterer inn i naturen. Bilda skal vise fram den storslåtte naturen i Skjåk, og samstundes kjennes naturleg for ei oppleving mågruppa sjølv har tilgang til.
Mennesker i bildet
I bildane skal mennesker alltid vere ein viktig del av komposisjonen. Anten ein er nær på opplevinga eller på avstand i eit landskap. Dette er med på å gjere naturen og opplevinga tilgjengeleg.
Personleg
Nære og naturlege bilde som viser naturen med fokus på opplevingar, aktivitet og samspel mellom mennesker. Dette er bilder som skal gje følelsen av at dei besøkande sjølv kan ha tatt dei. Og som viser positive opplevingar, nærleik og spesielle augeblikk i naturen.
Personane som det blir teke bilde av treng ikkje å sjå rett i kamera, men heller uttrykkje personlegheit på en måte som støtter situasjonen eller historia bildet skal fortelje.
Utsnitt
Bilda skal fungere på fleire flater: på nettside, i presentasjonar og i trykt materiell. Legg gjerne opp til moglegheit for beskjæring av ståande og liggjande format innanfor same bilde.
Bildebehandling
Bilda skal behandlas slik at dei vert fatta som like, både for å kunne kjennast att aleine, og for å kunne stå godt saman.
Alle bilda skal reflektere det kjølege nordiske ljoset. Kontrasten i bilda skal være høg, medan metninga skal justerast noko ned, slik at fargane kjennes naturlege.
Profilen i bruk
Nokre døme på profilen i bruk til inspirasjon og vidareføring av profilen i framtida.
Her kjem det meir etterkvart.
Visuell identitet Skjåk.no
Hausbyra © 2020